Vi har hatt storbesøk i helga! Fam Kvam Aasbø tok turen frå Nordmøre, gjennom Romsdal, til Sunnmøre og var her torsdag til søndag og spreidde glede og energi! Hanna og Vegard fekk seg kvar sine nye syklar på turen, og som dykk ser på bileta under var det betre sykkelføre enn skiføre. Laurdag stilte sola opp og vi fekk oss ein tur rundt Rotevatnet (6 km) til fots, på to hjul, og på fire hjul. På stranda i enden grilla vi pølser og pinnebrød, og då kunne hr og fru Weyde lære friluftsfamilien to nye triks: Grille pinnebrød utanpå pølsa - fiks ferdig pølsebrød, og lage kanelsnurrar av pinnebrød surra i kanel og sukker før steiking. Så no har dykk blogglesarane og fått to triks de kan ta med ut på påskefjellet.
Søndag var det og så fint ver, og ungane var SUPERGIRA på å sykle til kyrkja, og slikt positivt tiltak lyt ein berre støtte opp om...
Så koselig!! Fine folk :)
SvarSlettHyggelig med familiebesøk! Mamma Berit
SvarSlett