 |
| (Kameraet låg heime, og billetet er "lånt" på internett. Takk til den gode fotografen) |
Som arbeidstakar med mange venar som studerer, kan det vere greit med ei skildring av korleis det er å vere i jobb. Det kan til dømes vere å verte vekt i teltet av bikkja som sleiker deg i andletet, medan du grev deg lenger ned i posen ettersom du ikkje er like vaken og glad... Og vidare pakke seg inn i dunpose og ta på litt fuktige luggar frå i går, kravle ut, bekrefte godt ver, ikkje frost, ikkje meir snø i fjella. Strekke seg godt, for å mjuke opp ein støl kropp frå gårdagens lange topptur. Kjenne at leppene har tørka ut i sterk vind. Drite i andletvask, sminke og tannpuss. Varme opp gårdagens middag til frokost. Pakke inn på enda litt meir energi. Det kan vere å bla opp kartet, studere dagens rute, gløtte opp mot målet, tenkje seg til utvikling i veret. Ein kopp varm te. Gløtte bort mot dei andre telta for å sjekke at elevane er i rute. Vidare kan det vere å pakke sekken, sjekke at førstehjelpsutstyr er med, fylle vassflaska. Hive seg rundt for morgonstunda vart for god denne gongen og, skunde seg til telttunet, vente i 10 min på elevane, som ikkje er like rutinerte enda. Registrere motivasjon. Motivere. Smile. Informere. Så kan det til dømes vere å starte ein lang dagsmars, mot til dømes ein høg fjelltopp. Høg, bratt, luftig, flott, skummel, fin, mektig. Sjølvaste Blåfjell, frå jul i blåfjell. Toppen som finst i hundretusenvis eksemplar i form av blå kjegleforma barnelue. Svette. Teknisk pause. Justere bekledning. Labbe vidare. Kjenne turen frå i går sit i leggane. Gnagsår på hofta frå sekken. Svette. Sjekke kartet ein gong til. Halde attende den framre eleven med dårleg tid og god kondis. Motivere ein anna. Puste inn kald høstluft. Hoppe over ein bekk. Gå på dei tørraste flekkane over myra. Hoppe, gå. Gå, gå, gå og gå. Skritt for skritt. Opp og bort, høgare og lengre. Snu seg å sjå telta som små grøne tuer. Sjå opp. Langt att. Gå, gå, gå. En matbit gjer godt, for kropp og sinn. Sjokoladebit gjer enda betre. Gå, gå, gå. Pause att, ny energi før det vert tungt. På med hjelm. Gå på rekke. "Stein!!!" Sjå fort opp, puh stoppa. Klyve i ein time. Kikke over ein kant, sjå ny utsikt. Gisp! Langt ned! Smile *knips*. Går sakte vidare, meir ull er godt. Klyve meir. Hjelpe kvarandre. Følge med dei som har fått "skjelven". Støtte, peike, veilede, motivere, trygge. Kjenne på å vere stolt over nytt samhald, samarbeid, omtanke. Sjå opp, ikkje langt att no. Førstemann snart oppe. Gløyme eigen frykt, støtte meir. Gje ei utstrakt hand. Ikkje kike ned! Der er vi oppe! Sjå utover ein fantastisk fjellheim. Juble. Pose *knips*. Fjell så langt ein kan sjå. Runde, høge fjell i ei retning. Spisse, spektakulære fjell ei anna retning. Fargesprakande dalar med snøkledde toppar. Iskaldt! Pakke seg inn i dunjakke. Meir energi. Ikkje tid til å site her lenge. Alle jentene frys og... Ned att. Alt i retur. Klyve, klyve, hjelpe, støtte, speide etter alternative ruter, ikkje løsne stein. Gå, gå, gå. Slitne kne. Vondt og godt på ein gong. Enda langt att. Eit par timar seinare, vel framme, snu seg og sjå opp. Stille seg sjølv spørsmålet, var vi verkeleg der nettopp? Vere nøgd med seg sjølv og gruppa. Meir mat. Godkjensla. Varm og rød i andletet.
Eg har vore på Innerdalstårnet eg. På jobb.
Åss e nå bra heldi så he så fine å varierte jobba, Julie!:) Vårre mysju friluft å fjell på me i høst, å d e nå e verskele ha savna ette e fekk onga. Å no he e endle tid å krefter t å ta fatt på litt oppussing i hus å fjøs. Samtidi prøv å få onnja mest mule små vedlikehold t vinters. Å så må e træff d snart, las innlegge dit å kjent på kar læææng sia åss ha trefftes! Håpa på å få ta en tur i høst altså!:) klæm fra Kamslitta
SvarSlettSå herleg lesing! Kjende meg att i så mykje. OG du er så god til å skrive! Bodil
SvarSlettHelt topp, kjære kone! :) Du er flink!
SvarSlettAhhh... fantastisk! God lesing :) Høres ut som livet som lærer ikke er så ille? selv om du ikke skriver å mye om planlegging og konsekvenstenking og alt det der litt mindre morsomme... Lykke til videre!
SvarSlettTøft og sprekt,Julie, og veldig levende og godt skrevet!!Berit
SvarSlettTakker! Elise: dette var bare solskinnssiden ja, det er det man husker etter en solskinnstur. Ansvaret er veldig stort, men elevene heldigvis voksne. Neste skildring kan bli veldig annerledes, kanskje etter en regnværstur;) men man får sile litt hva man legger ut på nett :D
SvarSlett