Snart har vi vore i lag i 2 år, og byrjar å sjå kva for fordelar eit ekteskap kjem til å by på. Ein middag i staden for to, nok skitne klede til å vaske kvit og svart kvar for seg, mindre papir- og internettstyr (på meg), mindre krøllete klede (på han) osv. Eg trur vi har kjønnsrollane ganske klare... Men eg byrjar å sjå nokre ulempar som kjem til å oppstå og. Særleg økonomisk. For Christopher er av ein familie med god matlyst og STOR kakeglede. Noko som passar meg godt, sidan eg elskar å bake, og ikkje får konsumert alt sjølve. Men nokon gongar blir eg kanskje litt bekymra for kor matlysta skal ende. Som i går når vi åt pizza hos meg. Mens eg var på stykke nr 2, var Christopher godt på veg med stykke nr 5 då han plutseleg fekk forferdeleg vondt i kjeven. Han hadde ete så voldsomt (fort, mykje, med stor iver) at han fekk kjeven ut av ledd og klarte ikkje bite saman jekslane lenger. Og trass stor smerte, hadde han berre ei bekymring: "Tenk om jeg ikke klarer å spise da!!!" Eg måtte prøve å trøste litt, innimellom alle latterbrøla - for han karen min, han er forferdeleg komisk! Etter mykje artige grimasar, sklei heldigvis kjeven på plass att, og dei to siste bitane gikk ned på høgkant...
Eg trur nok mykje vert annleis frå 26.juni, og det er nesten berre flott!
Hahaha, dette var MOROSAMT! Eg las med stor glede - kva er vel ikkje ein kjærast og vordande husbond med stor matlyst, anna ein sann fryd for frua (om då ikkje lommeboka).
SvarSlettEg gler meg til 26. juni - håpar Christopher er såpass prega av stunda at kjeven held seg på plass!
Hehe.. moro! :) Kjekt å lese om dåke.
SvarSlettHåpar alt e bra med dåke og at da går finfint me bryllaupsplanlegginga!
No har me og forresten satt dato, 18. september, so da e berre te å halde av helga!:)
Me snakkast om ikkje alt for lenge!
Klem Kathrine