| Hamskifte. |
Over til anna nytt om kvardagen. Eg har skjønt at det er ein overveldande fare for at våre blogglesarar ikkje har eit korrekt bilete av korleis kvardagen vår eigentleg er... Det slo meg då eg såg over bildekavalkaten frå våren. Eg ser det difor naudsynt å presisere:
Det meste av kvardagen vår er vi ikkje på tur, men sit med hendene på tastaturet og auga festa på skjermen, medan pensumlistene og krav om antal ord og korrekte kjeldetilvisingar tek kvelartak på oss. Sist eksamensoppgåve skrev vi på 5 dagar, og på dei dagane produserte vi (Chris og eg) tilsaman 35 000 ord!!! Eg stod for 20 000 av dei, noko som resulterte i ein A! (Eg er generelt imot karakterbriefing, men denne A'en gjorde særskilt godt sidan det ligg mykje arbeide bak) Christopher låg tett bak, med ein B, noko som er imponerande med tanke på at det var eksamen i tradisjonshandverk og han hadde eigentleg ikkje tenkt å levere ei stund. Så Christopher har skjulte talentar, og har no over gjenomsnittleg høg kunnskap om nålebinding, pauting, toving og anna gøy... Det var ein digresjon, no attende til at kvardagen kan vere eit strev og for ein student... Men det er ikkje stakkar oss, tvert om. Vi er glade for å ha vald fag vi digger, og til og med bacheloroppgåva har vore interessant og spennande.
Det er imidlertid ikkje noko spennande å vise bileter frå det vi gjer det meste av tida, difor viser vi bilete av det artige vi gjer.
| Konfirmasjon på Kvennaparten (mor mi sin heimgard). Hovudrett - grilla heil gris |
| Christopher har hatt travle dagar... Passar perfekt inn i slekta! |
| Vi gløymde visst å ta bilete av konfirmanten sjølve! Sånn er det når ein ikkje har klar ansvarsfordeling;) Den flotte konfirmanten heiter Johanna og her ser dykk henne på konfirmantkaka si! |
Ei av gåvene konfirmanten fekk, var rett og slett Lote, anda vår. Ho kan ikkje bu i Volda i vinter, og sidan vi har vorte glad i han, og naboguten personleg knytt til han, ville vi heller ikkje slakte han som vi eigentleg tenkte. Difor fekk han ny bustad - Kvennaparten på Stjern i Åfjord. Der har han allereie funne ruta bort til bekken, og kjem til å leve glade dagar.
| Siste tur med friluftsliv, sist veke. Segltokt på Sunnmørskysten. Stasleg båt med 5 årepar (10 roarar) og tre segl. No er vi hekta og skal segle til Island (ein gong). |
| Så seglar vi... (ikkje på Mjøsa, men)... til Ulsteinvik. Yeah! |
No har vi delt nokre små og nokre store gleder med deg. Ei anna stor glede er dei to veksanda kulane på mine søstre, dei ventar kvar sin baby til hausten! Det vert stor stas, og siste nytt frå ultralydfronten er godt nytt! Vi gler oss til nye tante- og onkelungar, dei er berre så herlege!!!
GOD KVELD YNSKJAST DEG
Såg ut som ein artig konfirmasjon ;)
SvarSlettGledar meg til å høre meir om turen til Island!
Og stas med kular må magane :D
jeg vil jo være med å seile til island!!! ;)
SvarSlettMorsomt og fint å lese alt sammen. Ha det fortsatt fint på setra!
SvarSlettDette var det mamma Berit som sa.Koselig å få være hos dere i sommer!
SvarSlett