søndag 4. september 2011

Ferien er over

No er ferien over, og vel så det! Vi har stort sett vore utan internett i sumar, så da tok vi ferie frå blogg og. Eg lovar (ikkje Christopher) å kome sterkt attende no i haust, og startar med nokre glimt frå sumaren.

Det meste av sumaren har vi vore budeie og dreng (eller buddist som mor Kvam seier) på sætra til far Kvam, Bløtslette. Her hadde vi mykje triveleg besøk, mykje triveleg samvær med kyr og ei fin tid. Vi var og nesten ei veke på Gjøvik, ein tur på hytta på Ringebufjellet med alle søsken og mor Magnus og nesten ei veke i sumarhuset på Sandøya, med sysken og far Weyde.

No har vi vore i Volda nokre veker og er i gang med studier begge to. Eg tek mat, kultur og helse, medan Christopher tek RLE (religion, livssyn, etikk). Vi er og godt i gang med VOKS, kor eg held fram som leiar. Eit givande arbeid. No er eg nyss komen heim frå bli-kjent-weekend, og er rimeleg klar for ein kveld på sofaen........

Her kjem første akt av bileter frå sumaren 2011.


Brura vart lura! Nynorskentusiasten og historikaren Miriam fekk mange oppdrag i litterær stil i Trondheim sentrum.

Og etter to år i Trondheim, var det godt eg endeleg fekk med meg ein piknik i Universitetsparken. Her med Miriam, brura som vart lura

Ernst, Erna og Jurild, dei tre grisane våre i Bergtun. 


Sondre sin 6-årsdag vart feira på sætra, samstundes med dugnad. Fleire bilete kjem.  Dette er mine tanteborn, utan tante Bodil og tante Villfrid.

Sigrid er med å set opp telt. Vi tok med Kjersti og Gjermund sine 5 på telttur på Svendsgardssetra. Kjekt for store og små:)

Håvard og Christopher fyrer bål. 

Ola og Sondre vart ivrige på å lage faklar når mørket kom sigande på.

Her er Sondre, som eg er både tante og fadder på, med sin fakkel.

Sondre og Ragnhild et grilla banan med sjokolade! NAM!

Felles tannpuss i bekken! 

Teltkos. Tante og Sigrid, den yngste som snart vert storesøster. Sigrid proklamerte klart og tydeleg at ''No ska e såvvå!'', så fekk vi prøve å vere litt stille, og på eit blunk var ho i sin djupaste søvn og sov godt til langt utpå neste morgon.  
Onkel Christopher er populær teltkamerat. Vert aldri lei av å tulle han. Nesten.

Bjørn Kåre, eg og Christopher på fjelltur i Bøfjorden. Ikkje så lett med sjølvutløysar...

Fint i Bøfjorden

Ikkje minst vart det stor fangst, og kveldsen var sjølvsagt nystekt aure.


Bjørn Kåre og Christopher tek seg eit morgonbad.

Og på veg ned plukka vi blåbær, og Signe åt dei alle! Artig for oss med blå ettåring:)

I neste episode av budeiaogfriaren, kjem fleire glimt frå sumaren!

Vel møtt.

5 kommentarer:

  1. Hurra for innlegg! Stas, stas, stas:)
    Morosame bilete og Jurild er forresten alle tiders grisenamn:) Elles fekk Morten lyst til å dra på fisketur og eg fekk lyst til å dra på fjelltur - så det kjem mykje godt ut av bloggen dykkar:D

    Albumkveld ja! Det skal eg sjekke ut, sånn at eg kan gi deg forslag på ein dato:)

    SvarSlett
  2. Artig å lese og se bilder.Dere er flinke,snille og greie med alle rundt dere! Lykke til med studier.Veldig koselig å møte deg Christopher i Oslo sammen med familien.Julie var på weekend denne gangen. Hilsener fra mamma Berit,mor Magnus.

    SvarSlett
  3. Hahaha!!!
    Må flire av så mye morsomme og fine bilder. Ser ut som dere har hatt en aktiv ferie. Det er jo i allefall det som blir dokumentert ;)
    Lykke til med høstsemesteret! Plutselig kommer jeg å hilser på!

    Høstklem fra Elise

    SvarSlett
  4. Så mang fine bildo! Sjer ut som såmmårn ha verre fin fer dåkk :) (Den strømpebroka t Signe vart feræstn alder kvit nå mer...!) Håpe oss træffas at snart! Klæm :)

    SvarSlett
  5. Flott å sjå at bloggen er oppe att! Triveleg lesing utover dei mørke haustkveldar :)

    SvarSlett