Før vi kjem med vinterbilleta, er det kanskje på sin plass å gje eit lite glimt av sumaren, for vi har vore på ferietur i Sverige att! Vi elskar plassar på S fann vi ut. Sverige, Sveits, og... ja det var kanskje dei to. Sverige er eit kult land. Dei har mindre pengar enn oss, men klarer det meste betre enn oss. Meiner Christopher og eg i allefall... Kva vi legg i det meste, det kan du gruble vidare på.
Her kjem vår ferietur frå a-å, så let vi billeta tale for seg.
Eg tiltrekk meg katter overalt trur eg. Med og utan skabb. Denne stakkaren er utstøtt frå samfunnet på Oslo sin beste vestkant.
På besøk hjå Nils og Kristin
Nerden fekk fred i sjela, då Lund kunne by på ein diger botanisk "trädgård". Lukke.
Christopher er nerd nok til å like det han og! Hengande knoll med gevir og vaktlar var kanskje C sin favoritt.
Universitetet i Lund. C diggar.
Det er ikkje noko poeng i å prøve noko nytt, når spare ribs står på menyen
Sykkeltur i Skåne. Camping på strand er ikkje feil.
Ei heller ein mann som ordnar god mat på stormkjøken. Det beste var likevel å handle inn. Vi vart shopoholikera når vi svingte inn på ein av dei mange gardsbutikkane og kunne plukke med oss alle slags herlege grønnsakar, spekemat, sopp, brød, eplemost, krydder og anna slikkeri!
Kjekk ektemann har eg og.
Eg freistar seie dette var meg. Men neste billete avslører.
Vi er no artige vi
Whats the meaning of Stonehenge?!? Och vad är poenget med Ales Stenar?!?
Vi håpa på skillingsbollar i Skillingsstad. Men vaffel var godt det og. Kaffepause er det beste med sykkeltur.
Korn og hav så langt auge rekk
Vi satsa på ein like god allemannsrett i Sverige som i Noreg, og plukka morellar langs sykkelvegane.
Var ikkje mange kilometrane mellom kvar stopp, for det var så mykje digg å kjøpe på vegen.
Kvifor ta fly til Syden når du kan sykle til (i) Sverige?
Dårleg stemning skuldast lågt blodsukker, og det er bra for då kan sette oss i grøfta og ete god mat.
Betre enn å vakne opp på femstjernes hotell er å rulle ut av teltet på ei strand i godvér
Ferieturen toppa seg for Christopher når vi leita etter ein container og fann ikkje berre ein, men ein heil by av gjenvinningspunkt. Sverige altså!
Nok reklame for Sverige. Tek med nokre til frå turen.
Over grensa passa det å besøke Lola og Odd i Larkollen
Feiring av Cathrine sin 22-årsdag
Christopher, Kjetil, Karl Andreas og Svein Atle hjå mormor i Vestre Greverud Terasse
























Btw så er det ikkje knoll med gevir og vaktlar C har over hovudet. Det er knoll med gevir. Vaktlane var på gulvet sjølvsagt... Svak norsk, eg beklagar.
SvarSlettHerlig å sjå sommarferie-bilder! Etter så god reklame blir det kanskje sykkeltur i Sverige på oss neste sommar...? ;) Deilig å drømme i alle fall
SvarSlettSverige frister! Fine bilder og koselig å lese om turen deres. Ha det fint! Mamma Berit
SvarSlettVeit du, neste sommar skal vi til Skåne på sykkelferie. Snakk om inspirasjon frå dykk :-D Kjempefine bilete av vakre menneske og vakker natur! Sverige er konge. Klem, klem!
SvarSlett